Vi
har brukt projektor i Tananger kyrkje frå kyrkja var ny 1. sept.
2002.
1.
To projektorar og
skjermar i kyrkjerommet
2.
Ein projektor og skjerm
i menighetssalen
3. Ein projektor i
ungdomsavdelingen/kafeen
4.
Ein projektor på
kyrkjetorget/rom som kan delast av frå sjølve torget
Bruken:
Gudstenester (Varierende
bruk. Ofte kombinasjon av nokre få bilete og disposisjon)
- Liturgitekst
- Salmer/songar
- Kunngjeringar
Nokre gonger brukar vi
videooverføring for at fleire skal sjå det som skjer framme.
Dette gjeld mest i samband med konsertar.
Andakter og
undervisning
-
Bibelforteljingar for barn/unge
-
Video/film/musikkvideo
Viser Barne-TV
etter korøving kvar torsdagskveld
ERFARING:
Det
er lettare å fylgja med i gangen i gudstenesta.
Vi
slepp to salmebøker og liturgiark/hefte i tillegg
Det
blir større deltaking i liturgien. Ikkje minst gjeld det for dei som ikkje er i
kyrkja så ofte.
Vi
brukar eit breiare spekter av sansar i bibelformidling, spesielt for
barn
VURDERING:
Eg
vurderer det som svært positivt at projektorar og skjermar var
integrert i kyrkja heilt frå starten.
Slik
blir det ikkje så mykje framandelement i kyrkjerommet.
Vi
prøver å vera litt kritisk til bruken. I
undervisning er det ein ballanse mellom det som skal formidlast og
den oppmerksomheten skjermen krev. Vi har eit budskap som skal
formidlast.
- Då er det viktig at
bilete/tekst ikkje får så mykje oppmerksomhet i forhold til
budskapet at det forstyrrer
- Det er viktig å ha klare
bilete, utan for mykje detaljar
- Teksten må ha stor nok
skrift slik at det er lett å lesa
- Det må ikkje vera for
mykje tekst på ein gong
- Vi passer på at vi ikkje
brukar for mange fancy virkemidlar med tekst eller bilete som
blinkar og skapar uro
ANBEFALING:
Eg anbefalar at alle nye kyrker får integrert projektor/skjerm